Kom deg ut dagen

Arrangement

Dato
3. februar kl. 11:00 - 14:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Denne dagen arrangerer me uteaktivitetar for heile storfamilien!

Borna sitt turlag, og Klart det går gruppa, har laga hopp i akebakken der liten og stor kan utfordre deg sjølv på akebrett eller ski. På flaten nedom akebakken finn du ei veneløype der du og noko du er glad i kan gå ved sida av kvarandre ein runde eller ti. Kanskje finn du til og med ein ny ven her?

Seniorgruppa fyrer opp bålpanner og set opp lavvo der du kan varme deg, få varm drikke og kanskje ein god liten matbit.  

Ungdomsgruppa og fjellsportarane inviterer til introduksjon til bruk av sendar/mottakar, og skiprøving for dei som ikkje har prøvd før. Og om du vil kan du ta med eigne ski og bli med på ein liten topptur til Tunnaset med den spreke gjengen.

Innover i  skogen har me laga ei litt lengre løype. Ein fin runde i stille skog der me har laga ein natursti. Er du blant dei minste og svarar på alle spørsmåla me har satt ut vil du være med i trekninga av ein fin liten premie.

Ikkje minst – maskotten vår Turbo kjem! Han gler seg så til å møte alle! Ta med akebrett, ski, varme kle, vener og kjente til ein flott utedag saman med oss!

Oppmøte på Giljarhus i Dyrvedalen frå kl 1100. Det er godt med parkeringshøve i området, men me oppfordrar flest mogeleg samkøyre eller ta gratis buss frå Tinghusplassen. Me shuttlar til og frå Dyrvedalen mellom 1030 og 1400. Ved spørsmål ta kontakt på tlf 95923065

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Toril Hunnålvatn