Nansenbu AVLYST!

Fellestur

Dato
28. april kl. 09:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

På grunn av snømangel og dårlege værmeldingar vert turen avlyst!

 

 

 

 

 

Våren er komen i fjellet dei siste dagane og turen til Kaldenuten 28. april er  gjort om på grunna opne elvar og utrygg is på fleire vatn.

Alternativ tur vert vårskitur til Nansenbu i Torfinnsdalen 28. april.

Frammøte på Holbergsplass kl 09.00. Me køyrer privatbilar til skianlegget på Tillung. Me går til fots frå Tillung opp mot stølen Kviting. Herifrå går me på ski i bratt lende til Kalvatjørni. Det er kraftig stigning vidare frå Kalvatjørni før det flatar ut mot Sandfjellet. Frå Sankebua opp mot Pile og vidare mot Torfinnshorgi er det slake og  flate strekker. Eit fantastisk skiterreng. Dette er Gråsida på sitt finaste. Me rundar Torfinnshorgi og glir ned til Nansenbu. Me går same veg attende til bilane. I varmt ver er det viktig å ta med seg rikeleg med drikke. Skifeller er eit pluss på denne turen. Turen må reknast som krevjande. Dette er ein fin vårskitur i eit spanande landskap som fører oss fram til den nyaste hytta til Voss Utferdslag; Nansenbu.

Turen vert avlyst i dårleg ver.

Pris kr 100,- til sjåfør.

Kartblad: Norge-serien 10038 Voss

Turleiarar: Olav H. Sognnæs (917 87 485) og Astrid Såkvitne (950 48 103)

Velkomen med på tur!

Kontaktinformasjon:

  • Olav Harboe Sognnæs / Bjørn Knapstad
  • Tlf. 91787485 / 90145329

Turledere:

  • Olav Harboe Sognnæs
  • Bjørn Knapstad