Avlyst Vikafjellet - Voss

Fellestur

Dato
5. mai kl. 08:30 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Turen er avlyst grunna vær og føre.

Vikafjellet-Lønahorgi-Bavallen. Søndag 5.5.2019.

Buss frå Holbergsplass til Vikafjellet kl. 08.30. Turen startar ved telegrafhytta ca. 900 m.o.h. og me går inn Sendedalen og over Kringlevatnet. Herifrå er det litt stigning oppover før me passerer Rjupeskardet. Så går det litt nedover mot Murane og vidare forbi Blåeggi og på nordvestsida av Mykjedalsvatnet.  Oppover mot Skreieggi og Svartenut og me føl høgdedraget forbi Tvinnestølen og går på austsida av Storebrekkane og vidare opp til Lønahorgi. Dette er ein lang tur ( ca. 37 km ) og samanlagt er det og mykje stigning ( 1250 m ) så det er rekna å være ein tung tur. Alt etter forholda brukar me 8-9 timer. Ta med rikeleg med mat og drikke for me tar fleire pausar undervegs. Retur frå Bavallen ca. Kl. 18 00.

Busspengar kr 200 / 300 / medlem, ikkje medlem. Kartblad 1316 IV Myrkdalen og Kartblad 1316 III Voss

Påmelding pga. busstørrelse innan fredag kveld. 

Turleiarar:  Arvid Rykke tlf. 95262029 

 

( Dersom det på grunn av snøsmelting ikkje går å gjennomføre turen - vil det bli satt opp alternativ tur. )

Velkommen med på ein fin skitur.

 

Kontaktinformasjon:

  • Arvid Rykke / Jean-Christophe Scouarnec / Toril Hunnålvatn
  • Tlf. 95262029 / 93965538 / 95923065

Turledere:

  • Toril Hunnålvatn
  • Jean-Christophe Scouarnec
  • Arvid Rykke