Nesheimshorgi

Fellestur

Dato
18. august kl. 09:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Oppmøte Holbergsplass. Avreise kl 0900. Me køyrer med minibuss til Granvin, tek av v/ Kollanes, vidre til Høgda 645 MOH .

Like før Krokavatnet.

Starten går i lett terreng til Håtjønn og vidare til Bettene. Noko brattare opp Nautastigen til me kjem opp i Nautadalen. Tek av der og går opp i noko bratt terreng eit kort stykke, så i lett stigning opp på Nesheimshorga 1133 moh . Der får me fin utsikt over mange fjelltoppar i Hardanger. 

Me vil ta pauser etter som me ynskjer undervegs. Tek gjerne ein lengre pause på toppen, so  me får nyta den fine utsikta.

Me går nedatt til Bulko. Her får me ei grei tur ned att. Litt bratt i starten og slutten, men det meste i lett terreng.

Ein må kle seg etter vêret . God niste og drikke. Gode sko, kan og vera godt med ei varm god jakke på toppen. Ynskjer velkommen til ein fin tur med kjempegod utsikt, so sant vêret er med oss.

Påmelding til turleiar innan 16.08. kl 2000.

 

Turleiar

Astrid Såkvitne 950 48 103

Bjørn Knapstad 901 45 329

Kontaktinformasjon:

  • Astrid Såkvitne
  • Tlf. 95048103

Turleder:

  • Astrid Såkvitne