Tur Vikafjellet - Store Muravatn - Vollafjellet

Fellestur

Dato
28. august kl. 10:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Vi køyrer i privatbilar til Vikafjellet og 7 km på annleggsveg til Store Muravatnet. Annleggsvegen er smal og svingete og endar ved demning ved nordenden av vatnet. Store Muravatnet vart regulert i samband med kraftutbygginga på Vikafjellet i perioden 1962-1973. Den store Muravassdemningen , ( Endredalsdemningen) , er 260m lang og 79 m høg. Annleggsvegen går i og tvers over demninga og vidare inn til ein annan demning i nordenden av vatnet.

Her går det sti til buførevegen frå Vik og vidare til stølane Øvre og Nedre Vollafjellet. Denne buføringsvegen går frå Ovridsdalen og forbi ma stølane Fyrjane og Gravbotn. Turen til Vollafjellet er berre 5-6 km t/r med ca 100 m stigning. Det meste går i nokså flatt terreng, med eit lite bratt parti i starten. Me tek ein god matpause ved dei flotte stølshusa på Øvre Vollafjellet. Tek så evt ein tur vidare sørover mot Tverrgavlane på stien som endar i Berdalen i Jordalen. Tilbake same vegen.Turen kan bli lagt om ved dårleg vêr. Velkomen til fjells !

Oppmøte ved Esso Amfi. Køyrer i privatbilar til Vikafjellet. Betaling for transport kr.100,-. 

Turleiarar: Bente Daltveit 90618580, Bernt Daltveit og Lajla Selland

 

Kontaktinformasjon:

  • Bente Daltveit / Lajla Selland
  • Tlf. 90618580 / 92066975

Turledere:

  • Bente Daltveit
  • Lajla Selland