Vossamarsjen 2019

Fellestur

Dato
1. september kl. 07:30 - 19:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Ungdom, Seniorer
Arrangør
Voss Utferdslag

Vossamarsjen 2019.

Sundag 1. september arrangerer Voss Utferdslag Vossamarsjen for 4. gong. Årets Vossamarsj går over den omlag 20 km lange stien over Gråsida. Start frå Hodnaberg på den T-merka ruta via Torfinnsheim – Timaglaset – Gråsidetoppen –Roset og ned til Gjelle.

Fjellandskapet ein går gjennom denne dagen er vilt, vakkert og varierande. Gjennom bjørkelier, og  over lyng og snaufjell.  Langs ruta vert det  bemanna sjekkpunkt.

Turmasjen er utan tidtaking. Ein kan ein konkurrera med seg sjølv og naboen, eller berre  nyta turen og bruka dagen i eit fantastisk flott fjellområde.

Transport frå Vangen med buss kl. 07.30 og  08.30 (tilpassa tog frå Bergen).

Buss Gjelle - Vangen kl. 17.00 - 19.00. Tog til Bergen kl. 17.40 / 18.39 / 19.37

Flotte premiar vert trekt på startnummer, m.a. gåvekort på sportsforretning, verdi 2000,-. Alle deltakarane får Vossamarsj T-skjorta etter gjennomført tur.

Startkontingent: Medlem / ikkje medlem: 300,- / 450,- ( born halv pris til og med 18 år) Ved påmelding og betaling på nett innan 28/8 kr 250,- / 400,-.

 

Turen går i høgfjellsterreng så ein må ha med godt med niste og nok kle i sekken.

Kontaktinformasjon:

  • Toril Hunnålvatn
  • Tlf. 95923065

Turledere:

  • Audun Hellevang
  • Toril Hunnålvatn
  • Olav Harboe Sognnæs