Vinje - Oppheim. Gamle Postvegen

Fellestur

Dato
16. oktober kl. 10:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Onsdag arrangerer Voss Utferdslag kulturtur på gamle postvegen frå Vinje til Oppheim.

Me møter på Esso Amfi og køyrer i privatbilar til Vinje, og parkerer ved Vinje Kyrkje. Betaling for transport er 50 kroner. Der kjem me snart inn på den gamle postvegen som går gjennom det gamle Vinjatunet på Øvre Vinje. Litt bratt opp Vinjabakkane. Her stoggar me for å få litt orientering om den gamle grenda.  Herifra går turen forbi den  nedlagde gravstaden der den tidlegare Vinje kyrkje stod.  Me stoggar her for litt historie om dette. Det er laga ein miniatyrmodell av denne kyrkja som som me får sjå. Vidare går me Vinjadalen og i Klype kryssar me den gamle Bidnesvegen.  Når me kjem til Sunsvålselva skal me over ei fin steinkvelvingsbru frå 1780 åra og me endar opp på Oppheim gamle prestegard. På den gamle gravstaden der går me bort til "mor si grav" som er gravstaden til Susanna, som var mor til Per Sivle.  Etter ein matpause vert det retur same vegen attende.  Er det interresse for det kan me no svinga oppom garane på Bidne. Dette er ein lett tur, kring 8 kilometer samla lengd og kring 200 høgdemeter samla stigning.

Helsing turleiarane Lars Lilletun 97027039, John Ove Thaule og Lajla Selland 92066975

 

 

Kontaktinformasjon:

  • Tlf. 95130389

Turledere:

  • Lars Lilletun
  • Lajla Selland