Grøn fredag - Voss

Arrangement

Dato
22. november kl. 17:00
Passer for
Alle
Turtyper
Arrangement, , Grønfredag
Arrangør
Voss Utferdslag

Denne ettermiddagen vert det høve til å kjøpe og byte kle og friluftslivutstyr, samt få seg eit rimeleg og varmande måltid før du går heim.


DNT ung og POW Norge har lansert Miljøvettreglane" - enkle tips til korleis ein kan gjere friluftsliv meir miljøvenleg. Enorme mengder sports- og friluftsutstyr vert kasta dagleg, og me ynskjer å oppfordre til langtidsbruk av alle produkt. Fredag 22. november, inviterer me deg difor til å være med til å ta vare på miljøet ved å gje friluftutstyr /kle eit nytt liv!
Voss Utferdslag sin ung gruppe vil formidle salg og byte av friluftslivutstyr i 2 egt. Har du godt utstyr / gode kle du vil selge eller gje bort kan du levere det på førehand på kontoret vårt. Ta kontakt på tlf 959 23 065 for avtale.

Kafèen i 1. egt har i tillegg til sin gode meny denne dagen eit rimeleg økologisk middagsalternativ som passar både liten og stor. Spanande mat frå Invertapro finn ein og denne dagen.

Det som blir av overskudd av betaling / donasjon denne dagen gjev me til lokalt arbeid for ungdom ved Ungdomshuset Voss. 

Velkomen til ein dag med grøn omsorg i fokus!

Kontaktinformasjon:

  • Toril Hunnålvatn
  • Tlf. 95923065