Klatrekveld

Fellestur

Dato
27. august kl. 17:00 - 21:00
Passer spesielt for
Ungdom
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Tysdag 27. august blir det klatrekveld med ungdomsgruppa til Voss Utferdslag. Alle som har lyst kan bli med, enten du er nybyrjar eller erfaren klatrar. Ein erfaren klatreinstruktør blir med og hjelper til med sikring og rigging av tau. Me håpar på godvær slik at me kan nyte klatring på bratt og solvarm klippe!

Ta med mat og drikke sjølv. 

Me stiller med nok klatreutstyr til at du kan låne det som trengs for å prøve deg i veggen.  Hugs å melde i frå dersom du vil låne. 

Oppmøte blir ved Park Hotel kl 16.30. Me er tilbake på Voss ca kl 21. 

Dersom været ser ut til å bli håplaust så avlyser me arrangementet. Fylg med på gruppa si facebookside for oppdatert info om klatrekvelden. 

 

Aldersgrense 13 - 26 år

max antal: 8 stk, påmelding på nett.

hugs å gi beskjed om treng låne utstyr, samt om du har høve til å køyre:)

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Øystein Ormåsen