Helgetur til Jotunheimen

Fellestur

Fra dato
28. august kl. 15:00
Til dato
30. august kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Fjelltur, Jotunheimen
Arrangør
Voss Utferdslag

Voss Utferdslag tek turen til Jotunheimen, også i år!

Bli med til Olavsbu og den karakteristiske og vakre pyramiden Mjølkedalstinden (2138 moh). Dette er ein topp som er lett å legge merke til frå dei fleste andre toppane i Jotunheimen. På avstand ser toppen uframkomeleg ut, men det er enklare å kome seg opp enn det ser ut som. Men - litt klyving og nokre luftige parti må ein rekne med.

Vi køyrer i privatbilar fredag til Leirvassbu. Her ligg vi over til laurdag. Leirvassbu er ei stor og flott hytte, og vi har frukost inkludert.

Laurdags morgon går vi til Olavsbu. Dette er ei sjølvbetjent hytte, og her skal vi bu denne natta. Kanskje på sovesal, eller kanskje på 4-mannsrom. Vi reknar med å bruke 3 til 3,5 time på denne etappen. På Olavsbu legg vi frå oss sekkane, vi et nista vår, og så set vi kursen mot Mjølkedalstinden. Turen opp er ikkje så lang, men det vert nok litt venting i klyvepartia. Vi må nok rekne med at vi bruker rundt 5 timar på turen. Vi går ein del i ur, men den er relativ fast og stabil. Etter kvart som vi nærmar oss toppen, kjem det nokre luftige parti, og her vil nok nokre måtte jobbe litt med seg sjølve. Men tenk for ei kjensle det er når ein har kome til topps.

Om kvelden lagar vi felles middag på Olavsbu. Etter dagens bragd så fortener vil litt dessert óg.

Sundags morgon vaskar vi ut hytta, og så set vi kursen tilbake til bilane og Leirvassbu. På vegen tar vi ein avstikkar slik at vi får med oss endå ein 2000-metertopp; Skardalstinden. Dette er óg ein pyramide, og det er ein forhaldsvis lett avstikkar frå ruta mellom Olavsbu og Leirvassbu. Vi reknar med å vere tilbake på Voss rundt kl 20.

Dette er inkludert i turen: Overnatting og frukost på Leirvassbu. Middag og overnatting på Olavsbu. Turføring. Køyring og andre måltid må dekkast av kvar enkelt.

Dersom det vert dårleg vær må vi gjere nokre programendringar. Ein kan ikkje gå på Mjølkedalstinden i tett tåke eller mykje regn.

Turen er rekna som krevjande til ekstra krevjande. Vi kjem til å gå på på i dei lette partia slik at vi rekk å få med oss desse 2 toppane. Sjølve Mjølkedalstinden er krevjande grunna luftige parti.

Turleiarane er Bodil Atterås og Kjersti Vik.

Pris: 1200 kroner.