Kom deg ut-dagen, Hangurstoppen

Arrangement

Dato
2. februar kl. 10:00 - 15:00
Passer spesielt for
Barn
Turtyper
Arrangement, Kom-Deg-Ut-Dagen, Komdegut
Arrangør
Voss Utferdslag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Sundag arrangerer me uteaktivitetar for heile storfamilien! På grunn av lite snø i låglandet, legg me dagen til Hangurstoppen i år.

Her blir det mat, kaffi og saft til alle! Me tenner opp i bålpanna og set opp lavvo. Akebakke og barneskirenn blir det også. Ikkje minst – me høyrer rykter om at maskotten vår Turbo kjem! Han gler seg til å møta alle.

Me er på plass frå klokka 10, og blir verande til 14.30. Hugs å møte opp tidleg, for før klokka 11 er gondolturen gratis for born, og vaksne får tur/retur til berre 150 kroner!

Ta med akebrett, ski, varme klede, venner og kjende til og kom deg ut på ein flott dag saman med oss i Voss Utferdslag!

Følg med for oppdatert informasjon på Facebook-arrangementet

Kom deg ut-dagen, Hangurstoppen

Sundag arrangerer me uteaktivitetar for heile storfamilien! På grunn av lite snø i låglandet, legg me dagen til Hangurstoppen i år. Her blir det mat, kaffi og saft til alle! ...