Avlyst Skitur til Fennanuten

Fellestur

Dato
16. februar kl. 09:30 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst.

Me tek sundagsturen til Fennanuten, 850 moh.! Frå nuten har me fin utsikt over Granvin.

Avreise frå Holdbergsplass, ved Park Hotel kl. 09.30. Me køyrer i privatbilar og parkerer på Glenno, 550 moh., ved Hildestveit. Turen går i lett stigning på vegen til Fennastølane. Der tek me ein liten pause, før me fortset i lett stigning til Svartavatnet. Vidare går me i kupert terreng til Fennanuten, der me tek matpause og nyt utsikten. Me reknar med å vera nede att til klokka 16. 

Kvar person betalar 50 kroner til sjåfør.

Turen er middels tung. Me anbefalar feller og gode klede.

Turleiar Astrid Såkvitne og Svein Jarl Hansen. Vel møtt til ein fin tur!

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Astrid Såkvitne
  • Svein Jarl Hansen