Sundagstur til Bergsbukken

Fellestur

Dato
23. februar kl. 09:30 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Skitur, Bergsdalen, Søndagstur, Sundagstur
Arrangør
Voss Utferdslag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Sundag 23. februar vert det tur i fjella på sørsida av Bergsdalen. Me køyrer privatbilar til Berge. Turen går innover langs Bergsvatnet (500 moh.), bratt i starten opp Skarvadalen. Fortset over Skarvavatnet (762) vidare stigning opp mot skaret på sørsida av Vetlebukken (1004). Vidare sør opp mot Liabukken (1145) og til Bergsbukken (1162) Dette er turens høgaste punkt, og er veret lageleg vert det ein god pause her før me innkasserer premien for høgdemetrane me har gått. Flotte og høveleg bratte bakkar for dei fleste ned mot Oddmunddalsvatnet (760). Vidare nedover Oddmundsdalen og langs Bergsvatnet tilbake til bilane.

Turen er middels lang/tung – ca. 16 km distanse og 700 høgdemeter – estimert tidsforbruk 5 timar inkl. pausar.

Kan vera lurt med skifeller då det er noko bratte parti i starten. Hugs godt med niste og drikke, samt gode klede for vinterfjellet.

Frammøte på Holbergsplass 09.30 – der me fordeler oss og fyller opp privatbilar – betar 100,- til sjåfør.

Berekna tid tilbake på Vangen – kl. 17.00.

Kartblad: Voss, Norge-serien 10038

Turen kan verta lagt om eller avlyst om det vert dårleg ver / snøforhold.

Turleiarar:
Audun Hellevang (952 88 833)
Olav Sognnæs (917 87 485)

Sundagstur til Bergsbukken

Sundag 23. februar vert det tur i fjella på sørsida av Bergsdalen. Me køyrer privatbilar til Berge. Turen går innover langs Bergsvatnet (500 moh.), bratt i starten opp Skarvadalen. Fortset ...

Kontaktinformasjon:

  • Audun Hellevang / Olav Sognnæs
  • Tlf. 952 88 833 / 917 87 485

Turledere:

  • Audun Hellevang
  • Olav Harboe Sognnæs