Skitur til Breiskrednosi

Fellestur

Dato
19. april kl. 08:00 - 18:30
Passer for
Alle
Arrangør
Voss Utferdslag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Bli med oss på skitur over magiske Nærøyfjorden!

Me køyrer med privatbilar til Nosi (650 moh.), går utover Fresvikjordalen til Breidalen og vidare opp Breidalsbotnen til Vardane (1330 moh.). Her kan me sjå ned mot Rimstigen ovanfor Tufto ved Nærøyfjorden. Frå Vardane går me austover mot Rimstigfjellet og Breiskrednosi (1189moh), som har den stupbratte sørsida ein ser så tydeleg frå Tufto og Bakka.

Etter ein Insta-pause på toppen går me attende til Vardane. Dette er ei rundsløyfe i oversiktleg terreng der ein fleire stader kan stoppa og venta til turfylgjet kjem tilbake. Dersom tilhøva ligg til rette for det, tek vi oss opp ein kort bratt bakke frå Vardane til Vardafjellet. Herifrå får me det lange, flotte unnarennet ned dalen til Røyrdotten og Nosi.

Dette er ein tung tur: 1400 høgdemeter og 23 kilometer lang.

Avreise frå Holbergsplass ved Park Hotell kl 08.00. Attende på Vangen kring klokka 18.30. Betaling til sjåfør kr. 160. Ta med skifeller, ekstra med drikke, og nok klede og mat.

Kartblad Gudvangen 1316 I

Turleiar: Bodil Atterås (41475381) og Tryggve Soldal (48278827)

Skitur til Breiskrednosi

Bli med oss på skitur over magiske Nærøyfjorden! Me køyrer med privatbilar til Nosi (650 moh.), går utover Fresvikjordalen til Breidalen og vidare opp Breidalsbotnen til Vardane (1330 moh.). Her ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Tryggve Soldal
  • Bodil Atterås