Engjaland - Kaset - Arnetveit

Fellestur

Dato
8. mars kl. 10:00 - 15:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Skitur, Engjaland, Aktivitet Skitur
Arrangør
Voss Utferdslag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Turen startar på Engjaland, ca 460 moh. Me føl stølsvegen mot Nyestølen og Reppane. Undervegs er det nokre bratte parti der det kan vere lurt å ha feller om det er hardt. Når me kjem til leitet og ser inn til Reppane, tek me av til venstre. Her føl me høgdedraget til Kaset, ca 750 moh. På Kaset et me nista vår i stølsveggen samtidig som me nyt den vide og flotte utsikta. Gode og mette fortset me vidare til Steinset (820 moh), som er topp-punktet på turen. Frå Steinset til Arnetveit er det eit variert terreng, men stort sett går det nedover. Nokre plassar er det bratt, andre plassar slakt.

Turen er forholdsvis enkel. Den er ei god mil lang med om lag 360 høgdemeter. Terrenget er nydeleg, småkupert og lettgått. Det er litt bratt nedkøyring på slutten, men med tida til hjelp går det bra.

Ta med nok mat og drikke, feller og ei varm jakke. Turen høver for vaksne og for ungdom.

Kartblad 1316-4, Myrkdalen

Buss frå Holbergsplass ved Park Hotel kl 10.00, og me er tilbake på Vangen rundt kl 15:30.

Pris kr 200 (300 for ikkje-medlemmer).

Påmelding til Sverre Kvitne (954 445 959) innan kl 21 fredag 06.03 eller her på nettsida til arrangementet. 

Vel møtt!!

Helsing turleiarane Sverre Kvitne 95 44 59 59, Astrid Gilbakken 91 16 01 65, og Sjur Lid 41 62  39 01

Engjaland - Kaset - Arnetveit

Turen startar på Engjaland, ca 460 moh. Me føl stølsvegen mot Nyestølen og Reppane. Undervegs er det nokre bratte parti der det kan vere lurt å ha feller om det ...

Kontaktinformasjon:

  • Sverre Kvitne
  • Tlf. 95445656

Turledere:

  • Sjur G Lid
  • Sverre Kvitne