Seniotur: Fredheim – Tvildemoen – Gilbaret – Tvilde

Fellestur

Dato
13. mai kl. 18:00 - 21:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Me startar turen frå Fredheim kl. 18.

Slik ser ruta ut:

Me går over Langebrua, opp Elvegata forbi Voss Mylna og over Båbrui. Me fortset å gå forbi nedre leir og opp vindtunellen til me kjem opp til hovudvegen. Herifrå går me ned mot Brynagjelet til me tek av på vegen til Gilbaret.

Me fylgjer vegen til krysset som går opp til Gjerdåker. Me går forbi Gjerdåker og Tvilde, og tek av på stien som går ned Steinslibakkane og ned til Tvildemoen, herifrå går me over Tvildemoen og ned over Båbrui. Herifrå fylgjer me same vegen attende til Fredhaim.

Turen er omlag 6,2 kilom lang og kring 70 høgdemeter.

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Oddvar Drevsjø