Seniortur: Fredheim – Utsikten – Mølster – Ringheim - Fredheim

Fellestur

Dato
27. mai kl. 18:00 - 21:00
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Me går i frå Fredheim kl. 18. Turen går vidare opp elvegata og til Utsikten. Frå Utsikten går me opp Sverresbakken til Ringheimsvegen, me går vidare bort til Rognsbakken og vidare opp Kleivi, til Nedre Mølster.

Me fylgjer vegen til endes og går bort til leikeplassen. Herifrå fylgjer me stien opp til Mølstertunet. Me gå vidare forbi Store Ringheim og ned til krysset ved Skreddarstovo, her fylgjer me Ringheimsvegen til me fortset turen ned gjennom Hagebyen, frå Hagebyen går me bort Bjørkelivegen mot Utsikten. Herifrå går me same vegen attende til Fredheim.

Turen er omlag 6 kilometer og har 140 høgdemeter.

Turleiar: Bjarne Hjelle (454 89 154)