Stølsklyppetur til Finnesdemmo

Fellestur

Dato
1. juli kl. 18:00 - 21:00
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Turen som skulle vore på Vikafjellet 1. juli vert endra til stølsklyppetur til Finnesdemmo på grunn av at det er enno mykje snø på Vikafjellet.

Avreise frå Fredheim kl. 18. Me køyrer til Heggjavad. Herifrå fylgjer me merkinga for stølsturane opp lia til Finnesdemmo. Det er noko bratt opp lia. Me tek det med ro, og tar ein del pausar opp lia. Turen er omlag 3 km, 330 høgdemeter. Bompengar kr 40,-. Me brukar omlag 3 timar på turen.

Kr 50,- til sjåfør. 

Påmelding til Siri på 948 39 239 innan onsdag 1. juli klokka 15.

Turleiar: Oddvar Drevsjø