Kveldstur til Kvålsdalen

Fellestur

Dato
8. juli kl. 18:00 - 21:00
Passer for
Alle
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Turen skulle opphaveleg gått frå Nedre Kvålsdalstjørn til Sveindalen. Men på grunn av ei bratt snøfonn er denne ruta vanskeleg å gå, så me tek turen om Kvålsdalen i staden.

Me køyrer frå Fredheim kl. 18 til kraftstasjonen på Hodnaberg. Turen går i privatbilar, kr. 100 til sjåfør. Der fylgjer me T–merkt sti til Nedre Kvålsdalstjørn og opp mot Torfinnsheim. Turen går vidare opp til stølane Kvålsdalen. Vel framme tek me ein god pause, før me vender nasane heimover. Saman går me den gamle buførevegen ned att til Hodnaberg.

Påmelding til Siri Flatlandsmo (948 39 239) innan onsdag 8. juli kl. 15.

Velkomne med på tur!

Turleiar: Kåre Dagestad