Sundagstur til Nansenbu

Fellestur

Dato
2. august kl. 09:00 - 19:00
Passer for
Alle
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Nansenbu er Voss Utferdslag si nyaste hytte. Hytta ligg i Torfinnsdalen inne på Gråsida i naturskjønne omgjevnader. Sjølve hytta er ei gåve frå Paul-Christian Rieber, Bergen. Hytta er reist på dugnad av hardingar og vossingar. Dugnadsleiar var Jarle Hjartåker.

Turen går med privatbilar frå Holbergsplass kl 09.00 til Tesdal. Ein går i roleg tempo opp forbi Tesdalstølen til Roksbotn. Vidare rundar me under Galtaryggen og går bratt opp til Maratoni og inn på snaufjellet i Torfinnsdalen. Her går me delvis langs Vetla- og Stora Torfinnsdalsvatna fram til Nansenbu. Frå Nansenbu går turen vidare opp på Torfinnshorgi (1343). Ned frå Torfinnshorgi vil me møta T-merka sti og vil følgja den delvis ned mot Pile, og så halda litt til høgre forbi nokre små tjørn, før me tek oss ned til Kalvatjørni og vidare til Roksbotn. Herifrå følgjer me traktorveg ned til bilane. Attende på Vangen mellom kl 18.00 og 19.00.

Dette er ein lang og krevjande tur i variert terreng med over 1000 høgdemeter å gå. Dette er ein spanande tur for alle som liker å gå lange turar. Det vil heile tida verta lagt inn pausar etter behov.

Kartblad: Norgeserien 10038 Voss.

Turdeltakarane betaler kr 100,- til sjåfør.

Turleiarar: Audun Hellevang (952 88 833), Åse Midthun (977 59 349), Olav H. Sognnæs (917 87 485)

Turleiarane ynskjer velkomen til ein spanande og flott tur i eit fantastisk landskap!

 

Les meir om Nansenbu her: https://ut.no/hytte/101320/nansenbu

.