Vossamarsjen 2021

Fellestur

Dato
21. august kl. 07:00 - 19:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Voss Utferdslag, Voss, Gråsida, Vossamarsjen
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

21. august går den to mil lange turmarsjen over Gråsida, eit høgfjellsplatå på mellom 1000 og 1350 høgdemeter.

Stien er omkransa av bratte skogkledde lier i nord og aust. Den mest kjende turistattraksjonen på turen er Timaglaset, ein stor stein som balanserer på glatt
fjell, tilsynelatande i evig kamp mot tyngdekreftene.

Turmarsjen er utan tidtaking der ein kan konkurrera med seg sjølv og naboen, eller berre nyta turen og bruka dagen i eit fantastisk flott fjellområde. Turstart frå Hodnaberg, på den T-merka ruta via Torfinnsheim – Timaglaset – Gråsidetoppen – Roset, med målgang på Gjelle.

Fjellandskapet ein går gjennom denne dagen er vilt, vakkert og varierande. Frå Hodnaberg gjennom bjørkelier, over lyng og snaufjell tilbake Voss. Høgfjellsmarsjen har 5 bemanna sjekkpunkt, men alle må sjølv ha godt med niste/drikke og kle i sekken.
Ved målpassering vert det varm mat og drikke til alle, og alle deltakarane får og Vossamarsj T-skjorta etter gjennomført tur. I tillegg vert flotte premiar trekt på startnummer.

I tilfelle det skulle bli dårleg vêr den 21. august, håpar de kan bli med på reservedatoen 28. august! 

 

Praktisk info:

  • Registrering på Holbergsplassen v/Park Hotel frå kl. 07.00.
  • Buss til Hodnaberg frå kl. 07.30. Siste bussavgang kl. 09.00.
  • Returbuss frå Gjelle frå kl. 15.30 til kl. 20.00.
  • Ved målgang Gjelle vert det servering av lapskaus/saft og utdeling av t-skjorter og flotte premiar trekt på startnummer til heldige vinnarar.

Startkontingent: Medlem/ikkje medlem: 350,-/470,- (halv pris til og med 18 år). Ved påmelding og betaling på nett innan 17/8 kr. 100,- i rabatt.

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Audun Hellevang
  • Jorun Sivertsen
  • Olav Harboe Sognnæs