Seniortur: Jonsstølen - Fjellsetedalen

Fellestur

Dato
10. mars kl. 10:00 - 16:00
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangør
Voss Utferdslag

Me møtest ved Esso Amfi klokka 10 og køyrer i privatbilar til Ospehaugen. 

Skituren går frå Ospehaugen, langs vegen forbi Furteset og Breiset til Jonsstølen. Me reknar med å finna skuterspor me kan fylgja til Jonsstølen.  Er det fint og lett føre kan me gå vidare mot Fjellsetedalen. Retur til bilane same vegen. Me reknar med å vera attende på Vangen klokka 16.

Turen er 14 km lang og har samla stigning 350 høgdemeter. Sjølv om det er litt stigning er det ikkje ikkje dei bratte bakkane. Farten vert tilpassa dei som er med. 

Termos, mat, sitteunderlag og ekstra klede må vera med i sekken. 

På Ospehaugen er det parkeringsavgift. Alle betalar 50 kr til sjåfør.

Vel møtt!

Beste helsing turleiarane

Kristian Østrem (905 28 522) og
Tove Reisegg Jacobsen (944 03 306) 

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Kristian Østrem
  • Tove Jacobsen