Sundagstur til Vending

Fellestur

Dato
24. januar kl. 10:00 - 17:00
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Turen går til Vending, hytta i fjellet mellom Stølsheimen og Kvamskogen! Me køyrer privatbilar.

Turen denne sundagen går frå osen av Hamlagrøvatnet, inn forbi stølsgrenda Lii, og oppover sommarstien til Bergen og Hordaland Turlag si hytte ved Vendingsvatnet. Ved Hytta vil me ha ein lengre pause. På veg attende til bilane går me inn i Nystølsdalen og vidare mot Dyrneset. Vidare går me i strandsonen fram til bilane.

Dette er ein lett til middels tung tur som vil gå i roleg tempo i eit flott og variert terreng. Turen høver for alle som likar å gå på skitur. Sjølve skituren tek om lag fem timar. Hugs skifeller!

Frammøte på Holbergsplass kl. 10.00.
Ein betalar kr 100,- til sjåfør.

Kartblad: Voss, Norgeserien 10038

Turen kan verta lagt om eller avlyst ved dårleg vêr eller lite snø.

Les meir om Vending her, på UT.no.

 

Turleiarar: Siri Flatlandsmo (948 39 239) og Olav H. Sognnæs (917 87 485).