På denne turen er det normalt spor å fylgja og ikkje dei store bakkane. Denne turen høver godt om dette er første skituren i år!
Me møtest på Esso ved Amfi kl. 10 og køyrer i privatbilar til Bulko, der skituren startar. Frå parkeringsplassen fylgjer me stølsvegen i litt stigning og tek av mot Kjeatjørni, vidare i lett terreng til Krokavatnet. Er det trygg is går me på den elles langs sommarstien til Olastøl. Retur etter same ruta.
Termosen, mat, sitteunderlag og ekstra kle må vera med i sekken. Normalt er det spor å fylgja,
Turen er 12 km lang og har samla stigning 250 h.m.
Betaling for transport kr. 100 til sjåfør. Bomveg Svelgane og parkeringsavgift Bulko.
Hugs påmelding!
Turleiarar:
Bjarne Fosse (951 30 389) og
Anna Opeland Istad (900 51 118)
Liaset - Skorseteggi - Liaset, onsdagstuur 30. september. Foto: Geir Henrik Styve