Denne helga skal vi padle i frodige Nærøyfjorden, ein tur blant bratte fjell, bekkar og fossefall. Sjølv om fokuset er padletur, så skal vi ha fleire beinstrekk på idylliske småplassar langs fjorden.
Den fyrste dagen padlar vi frå Gudvangen til Dyrdal (10 km). Her har vi bestilt det gamle skulehuset, og så får vi sjå utviklinga av korona om alle kan sove der. Kanskje nokre må sove i telt. Sjølv om det no er kveld, så et vi eit varmt og godt måltid saman.
Laurdagen padlar vi vidare, og vi kryssar Aurlandsfjorden til naturreservatet i Nordheimsdalen. Her tar vi oss ein fottur. Neste padleøkt blir vidare innover Aurlandsfjorden før vi tar oss opp til Stigen gard. Her skal vi slappe av, bade i badestamp, ete godt og sove godt.
Sundagen går vi til Beitelen før vi padlar vidare til Underdal. Beitelen er eit kjennemerke i Nærøyfjorden, og toppen er eit flott utsiktspunkt. Vi avsluttar turen med eit fjord cruise tilbake til Gudvangen, og vi er i Gudvangen kl 1800.
Turen er med eigen kajakk. Dersom du ynsker å leige kajakk, så kan du gjere det her: https://nordicventures.com/
Inkludert i turen er overnatting, varm mat på fredag, middag m/dessert laurdag, og frukost og matpakke m/termos sundag. Fjord cruise og frakt av kajakk er også med i prisen.
Utstyr: Padleklede, redningsutstyr og redningsvest , sovepose, lakenpose, handkle, badekle, hovudlykt, sko til å gå tur i, ein liten sekk/rumpetaske, ev batteripakke for lading av mobil, toalettsaker og øyreproppar, toalettpapir, og elles klede som ein treng. Det er viktig å pakke i posar. Ta også med brødmat til laurdagen. Fulle drikkeflasker (min 3 liter) og solbriller/caps er kjekt å ha til padleturen.
Oppmøte: På kaia i Gudvangen fredag 20.08 kl 1530. Vi startar å padle rundt kl 1600.
Førebuing til turen: Det kan vere kjekt å sjå desse to nrk-programma
Krav: Du må vere svømmedyktig. Det er ein føremon med våttkort eller introkurs. Du bør ha padla før, og helst hatt nokre padleturar i løpet av sommaren.
Aldersgrense: 16 år
Frist for påmelding: 02.08. Begrensa antal plassar.
Utsikt frå overnattinga på laurdagen. Foto: Stigen gard