Remlo - Fjosestølen

Fellestur

Dato
31. januar kl. 10:00 - 15:00
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Sundagsturen går frå Ospehaugen, om Remlo og Fjosestølen og attende til Ospehaugen.

Me køyrer privatbilar frå Holbergsplassdn til Ospehaugen (ca. 500 moh). Parkeringsavgift 50 kr.
Me går langs stølsvegen til Fyrjo og tek av til venstre i vegdelet rett etter brua innanfor Furteset. Vidare går me forbi Gudmundset, gjennom ein tett granskog og kjem til eit nytt vegdele der me på nytt går mot venstre mot Remlo ( ca. 760 moh). Då har me brukt ca. 1 time. Det er slak stigning heile vegen. På Remlo tek me ein god matpause før me tek ein annan veg tilbake. Relativt slak stigning vidare oppover før me  renn ned Remlaskaret (litt bratt) mot Fjosestølen og vidare på stølsveg tilbake til Ospehaugen.
Turen kan verta lagt om avhengig av skiføre.

Forholdsvis lett tur. Avreise frå Holbergsplass kl. 10.00 Me er tilbake på Holbergsplass ca. kl.15 
Transport kr 100 inkl. parkering. Betaling til sjåfør. Hugs eigna utstyr, mat og drikke.
Påmelding via sms til turleiar eller på nett innan fredag 29.01. kl. 20.00. 

Turleiarar:
Lars Haugen (915 88 740)
Anne-Grete Haugen (950 63 511)
 

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Anne Grete Haugen
  • Lars Haugen