Årmot - Revhaugen - Steinset - Kvanndalen

Fellestur

Dato
17. mars kl. 10:00 - 17:00
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangør
Voss Utferdslag

Me møtest ved Esso Amfi kl. 10.

Denne seniorturen er 15 km lang og har samla stiging på 400 h.m. Me køyrer i privatbilar til vegdele med Helgatun for parkering. Frå bilane går me til løypa som skiheisane i Myrkdalen køyrer opp, den tek av mot Bygdastølen vidare rundt Tjørnarhovden, opp til Kvanndalen og tilbake via Revhaugen. Oppkøyrt løypa er lett å gå i, me gjev oss god tid i motebakkane med pausar når det trengst. Termosen, mat, sitteunderlag og ekstra kle må vera med i sekken.

Betaling for transport kr.50. Køyring i privatbilar til Årmotslia.

Turleiarar:
Tove Fadnes og Gudmund Furu