Upsete - Vatnahalsen, med den lengste ziplinen i Norden

Fellestur

Dato
1. august kl. 09:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Zipline
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Me legg ut på ein sundagstur utanom det vanlege. Påmeldingsfrist: Fredag 30. juli kl. 18.

Turen startar normalt nok: Me tek toget til Upsete kl. 09.59 og går frå Upsete om Ugjerdsdalen til Vatnahalsen. Turen er rundt ei mil lang og me reknar omtrent 3,5 timar.

Men så, på slutten blir det zipline ned til Kårdal, med fantastisk utsikt. Denne ziplinen er den lengste i Norden, på 1381 meter!

Det vil også vere mogleg å gå ned i staden for å ta zipline. Me blir henta med buss i Kårdal og køyrt attende til Voss.

 

Pris inkludert zipline og transport med buss heim:

  • DNT-medlem:
    Vaksen: 900 kr
    Barn (6-15 år): 650 kr
     
  • Ikkje-medlem:
    Vaksen: 
    1200 kr
    Barn (6-15 år): 700 kr

Hugs å kjøpe togbillett til Upsete sjølv.

 

Turleiarar: 
Siri Flatlandsmo (948 39 239) 
Emiel van Lin

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Siri Flatlandsmo