Vikafjellet

Fellestur

Dato
18. august kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Avreise frå Amfi Esso kl. 10.

Me startar turen ved kommunegrensa Voss /Vik og går i austleg retning i lett kupert terreng.

Me passerar ein del småtjørnar på vegen, og kjem etterkvart til det litt større Buførevatnet. Her tek me oss ned i sørenden og kryssar elva. Etter elvekryssinga som går på fint vad, kjem me inn på ein T-merka sti som Vik turlag har merka mellom Kvassdalen/VetleGrungen og Hestavollen. Me fylger denne stien langs heile austsida  av Buførevatnet og tek etterkvart meir mot  nord og mot Høgevarde som er ein markant liten topp med vardar og oppsette steinar på toppen. Her tek me hovedpausen.

Etter pausen fortset me i vestleg retning og rundar Kringlevatnet. Her kjem me inn på den fint merka T-stien som Voss Utferdslag har ansvaret for. Den leder oss lett tilbake til bilane.

Dette er ein lettgått tur i omlag 1000 m høgde. Den går delvis på sti men også i terrenget. Den har ikkje mykje tunge stigningar eller nedoverbakkar. Ettersom det nokre stader er steinete tilrår me gode fjellsko. Turen tek omlag 4 timar.

Retur rundt kl. 17.

Turleiarar: 

Astrid Såkvitne 95048103
Svein Jarl Hansen 91330880

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Astrid Såkvitne
  • Svein Jarl Hansen