Sundagstur: Midtfjell

Fellestur

Dato
19. september kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, , Sundagstur, Midtfjell
Arrangør
Voss Utferdslag

Turen går til eit flott fjell med masse utsikt i Ulvik Kommune. Etter ein liten busstur frå Holbergsplass er me framme på Hallanger der turen går frå.

Startar på skogsveg som snart går over til sti / stølsveg. Dette er stølsvegen frå Hallanger mot Dalsete. Det stig bratt oppover lia, og etter ca 2 km er me oppe på sør-vestsida av Disk, og er no på høgd 900, og har alt teke ca 700 av totalt 1100 høgdemeter me skal gå. I 1942 styrta eit tysk fly i fjellet under Disk, og vrakrestar er framleis synlege. No dreiar me mot NA og held ryggen oppover mot Midtfjell 1255 moh. Her vert det ein god pause der me kan nyta den spektakulære utsikta. Under oss ligg Hallanger, og Bu på sørsida av fjorden, Hardangerbrua, og fri sikt til mange kjente fjelltoppar, samt innover Eidfjorden og Sørfjorden. Vidare går turen mot Troppefjell og via stølen Hellesete til me er ned på Sjusete (450 moh) Her ventar bussen for transport tilbake til Voss.

Turen er middels – krevjande: Totalt ca. 11 km distanse og 1100 høgdemeter. Turen går delvis etter sti, men og ein del utanfor sti. Tilrår gode fjellsko, og nok varme klede. Då me er komne i siste del av september kan det fort verta kjølig.

Påmelding på nett innan 17. september.

Busspris medlem 200 / ikkje medlem 300

Turleiarar:
Audun Hellevang (95288833)
Kjersti Vik (95171062)

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Kjersti Vik
  • Audun Hellevang