Veskre - Veskreshorgi

Fellestur

Dato
22. september kl. 10:00 - 17:00
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangør
Voss Utferdslag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Turen 22. september går frå stølen Veskre til Veskreshorgi i Bordalsfjella.

Me køyrer privatbilar til Veskre og går vidare på stølsvegen mot Helgaset i kupert terreng inn til Hanselavatnet. Vidare noko stigning, delvis på sti eller i terrenget opp Hanseladalen før det vert ein bratt kneik opp på horgi. Sidan i lett stigning til toppvarden. Me tilrår gode fjellsko. Matpause på toppen.

I godt ver har me fantastisk utsyn til alle kantar.

Samla lengde omlag 7 km, og stigning på 430m.

Tilbake til bilane same vegen.

Turen vert gjennomført berre i godt ver. Alternativt ein rundtur på Tinden.

Frammøte ved Amfi kl. 10.00 – Retur kl. 17.00

Betaling for transport kr 50.- Me køyrer eigne bilar. Bompengar kr. 50,-

 

Turleiarar:

Sverre Kvitne (954 45 959) 
Oddver Drevsjø (920 92 724)

 

Veskre - Veskreshorgi

Turen 22. september går frå stølen Veskre til Veskreshorgi i Bordalsfjella. Me køyrer privatbilar til Veskre og går vidare på stølsvegen mot Helgaset i kupert terreng inn til Hanselavatnet. Vidare ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Sverre Kvitne
  • Anna Opeland Istad