Vinjo - Øyaset - nedste Ulvundstølen

Fellestur

Dato
29. september kl. 10:00
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Oppmøte på Esso Amfi kl. 10. Me køyrer privatbilar, 50 kr til sjåfør.

Turen med Voss Utferdslag onsdag går frå Vinje på Vossestrand forbi stølen Øyaset til nedste Ulvundstølen. Me køyrer privatbilar til Vinje og parkerer hjå Sambygg.  

Går derifrå opp Vinjabakkane til gamle Vinjatunet.  No tek me den gamle stølsvegen utover mot Øyaset.  På Øyaset kan det høva at me tek matpause før me går bort på nedste Ulvundstølen.  Det meste av turen går på fast sti og veg.

Same vegen attende eit stykke, men siste delen på stølsbilvegen.  Samla lengde ca. 8 km. og stigning ca. 400 meter.  Om veret er bra og me har tid, kan me gå opp på øvste Ulvundstølen.  Men det kan me sjå etter kvart.

Velkomen på tur! 

 

Helsing turleiarane  Lars Lillethun og Lajla Selland

Velkomen med på tur!

Turleiarar:
Lars Lillethun
Lajla Selland

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Lars Lilletun
  • Lajla Selland