Sundagstur til Sollikamben

Fellestur

Dato
26. september kl. 10:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Voss, Bergsdalen Og Vossefjellene, Dntseniorvoss
Arrangør
Voss Utferdslag

Frå Holbergsplass køyrer me privatbilar via Tverrberg til Saghaug. Bompengar kr.100,-.

Me går på stølsvegen og vidare på sti om Sollii til Sollikamben, 799 m.o.h., det er bratte barti og flatar med 300 h.m. stigning frå bilane. Her er det god utsikt og kamben er godt synleg frå Vossevangen. Vidare er det delvis sti austover i vekslande terreng og motebakkar til Jusstdalsvatnet, 985 m.o.h. Hovudpausen her med Gretteggi i nord/Vest og Vatnaknausen / Veten mot Aust. Går vidare om Rupetjørnane og ned Vetadalen til sti Budalen - Nyestølen - Saghaug.

Samla lengde ca.12 km og 600 h.m. og 6 timar gåtid. tilbake til bilane før kl.17.

Ved dårleg ver vert turen endra, frå Sollikamben på sti ned til Øvraset - Potten og stølsvegen til bilane.

 

Turleiarar:
Bjarne Fosse 95130389
Anna Opeland Istad 90056118

 

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Bjarne Fosse
  • Anna Opeland Istad