Keipen i Balestrand

Fellestur

Dato
8. august kl. 08:00 - 19:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Arrangør
Voss Utferdslag

Også i år reiser vi til Balestrand, og i år skal vi på Keipen. Keipen vert kalla Sognefjorden sitt svar på Preikestolen, og her er eit spektakulært utsyn over Sognefjorden og fjordamane rundt. Vi startar heilt nede ved fjorden, og vi skal ha eit løft på rundt 1500 høgdemeter. Dette gjer at turen er svært krevjande. Terrenget er ikkje teknisk vanskeleg, men deler av turen er svært bratt. Dersom forhalda ligg til rette for det, så lagar vi ein rundtur ned til Sværen.

Dette er ein svært krevjande tur. Ha gode fjellsko med støtte til anklane, kle for høgfjellet og godt med mat. Det er mogleg å fylle på litt vatn undervegs.

Vi køyrer i privatbilar frå Voss. Vi kjem tilbake med tidspunkt sidan vi er avhengige av ferje. Men vi satsar på å reise i 8-tida. Pris for transport er kr 300. Betaling til turleiar

Turleiarar:
Bodil Atterås (41475381)
Laila Kvåle (48103989)

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Laila Dregelid Kvåle
  • Bodil Atterås