Fondsbu: På ski til Uranostind (2157) og Galdeberget (2075)

Fellestur

Fra dato
7. mai kl. 17:00
Til dato
9. mai kl. 21:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Skitur, Hyttetur, Fjellski, Fjellskitur
Arrangør
Voss Utferdslag

Mai er månaden for flotte skiturar i Jotunheimen, og ein av kremtoppane er Uranostinden.

Avreise frå Voss fredag ettermiddag. Vi kjem tilbake med klokkeslett, for vi må nå snøscooter-transporten frå Tyin og inn til Fondsbu. På hytta ventar ein betre middag.

På laurdag set vi avgarde mot Uranostind. Dette er ein lang fjellskitur. Turen opp til topps via Uranosbreen er nydeleg i lett kupert terreng. Etter kvart som me nærmer oss toppen må vi sette frå oss skia, då me møter ei smal egg der toppunktet ligg. Dersom her er skavlete og/eller isete, så stopper vi her. Om forhalda ligg til rette for det, går vi ein rundtur via Langeskavlen.

Vel nede igjen ved Fondsbu blir det deileg med ein 3-rettars middag etter ein lang dag i fjellet.

Neste dag går vi på Galdeberget. Dette er ein forholdsvis lett men ypparleg skitopp. Galdeberget ligg som ein kjempe ved det langstrakte Bygdin-vatnet, og vi startar turen med å gå 4 km langs dette vatnet. Det er fin nedkøyring frå denne toppen.

Turane kan bli lagt om ved dårleg vêr eller dersom det er dårlege forhold på Uranosbreen.

Dette er krevjande turar. For ei trygg og god oppleving er det viktig at ein er i god form og  har gått ein del skiturar i løpet av vinteren. Vi presiserer at dette er ein tur på fjellski.

Turen inkluderer overnatting i 2-sengsrom, heilpensjon i 2 dagar, oppreidde senger, transport frå Tyin til Fondsbu, og turleiing. Transport til Tyin og ev parkeringsavgift er ikkje inkludert.

 

Påmelding innan 22. april 2021.

Pris er kr 3500.
Inkludert i pris er tansport, to overnattingar med heilpensjon og turleiing.

 

Turleiarar:
Bodil Atterås (41475381) 
Toril Hunnålvatn ( 95923065)

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Toril Hunnålvatn
  • Bodil Atterås