Klatrekveld med DNT fjellsport

Fellestur

Dato
10. juni kl. 17:00 - 20:00
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Klatresesongen er i gong! På forsommaren arrangerer me fire klatrekveldar på Staup. Dette er den tredje.

Denne gongen er det DNT fjellsport Voss som inviterer. Du treng ikkje å ha klatra før for å delta. Voss Utferdslag stiller med naudsynt klatreutstyr og sertifisert klatreinstruktør.

Voss har nokre flotte klipper som passar til klatring for både begynnarar og erfarne klatrarar. Desse kveldane er eit fint høve til å prøve klatring for fyrste gong, eller treffe andre klatreinteresserte til ei felles økt. Alt ligg til rette for ein kjekk kveld!

Det er berre plass til åtte deltakarar. Meld deg på på nett.

Området nær Staup er idyllisk og er lagt til rette med bålplass med benkar rundt. Her er det mogeleg å ta med seg mat og nyte middagen ute. Då blir det tid til meir klatring.

Oppmøte:
Ved klatreklippene på Staup, nær Smalahovetunet. Dit kjem du ved å køyre E16 ut av Voss i retning Gudvangen i om lag 7 km. Ved avkøyringa til Smalahovetunet, ta av mot venstre (motsett side av vegen) opp den bratte grusbakken. Parkering på toppen, på venstre side før brua.

𝗡𝗕! Ta omsyn til beitedyr langs grusvegen!

Viss vêret er dårlig, kan arrangementet bli avlyst. Følg med på Voss Utferdslag si Facebook-side for oppdateringar.

Dato: 10. juni
Tid: Kl. 17.00 – 20.00
Pris: Gratis for medlemmer, 150 kr for ikkje-medlemmer
Antall plassar: 8

Hugs påmelding på nett!

Spørsmål om arrangementet kan rettast til Øystein Ormåsen – ormasen@gmail.com eller 934 84 041.

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Øystein Ormåsen