Tur og offisiell opning av hytta på Tvinnestølen

Fellestur

Dato
3. oktober kl. 08:00 - 17:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Sundag 3. oktober blir det offisiell opning av den nye sikringshytta på Tvinnestølen. Voss Utferdslag arrangerer då tur til Tvinnestølen. Det blir avreise med buss frå Holbergsplass sundag morgon med buss til Voladammen. Turen følgjer T-merka rute frå dammen, forbi Volahytta og vidare til Tvinnestølen der det blir snorklipping kl. 1200. Heimturen går over Tvinnekleivane til Afdal. Frå Afdal går ein vidare på sti ned Lingedalen, den gamle tilkomsten til Afdal, til busshaldeplassen på Gjøstein der bussen ventar.

Turen inn tek om lag 2,5 til 3 timar og tilsvarande på heimturen. Turen går i lett terreng og er middels krevjande. Vêrvarselet er ikkje det beste, så kle det godt og ta med regntøy og varmt klesskift.

Turen er gratis, men av omsyn til transport er fredag siste frist for påmelding. 

Vel møtt!

 

Turleiar: 
Olav Sognnæs

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Olav Harboe Sognnæs