Grøn fredag - Voss

Arrangement

Dato
26. november kl. 17:00 - 21:00
Passer for
Alle
Turtyper
Arrangement, , Grønfredag
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Har du ein noko sliten ryggsekk? Ei litt for stor allvêrsjakke? Eller kanskje eit par fjellsko du aldri bruker? Fredag 26. november, inviterer me deg til å vere med å ta vare på miljøet ved å gje friluftutstyr og klede eit nytt liv!

Grøn Fredag er DNT Ung sitt motsvar til Black Friday. I år blir Grøn Fredag Voss eit samarbeid med både Voss herad og Natur og Ungdom. Denne ettermiddagen er det mykje som skjer på Voss kulturhus, så det er berre å ta turen innom! I rommet vårt kan du komme frå klokka 17. Kanksje finn du akkurat det du treng før skisesongen?

Innsamling av klede og utstyr:
Du kan levere inn det du vil selje eller gje bort på kontoret til Voss Utferdslag (2. etasje over Tre Brør) i veka før Grøn Fredag:

Måndag: 11-15.30
Onsdag: 11-15.30
Torsdag: 11-18
Fredag: 11-15.30

Viss du ikkje kan komme innom på desse tildspunkta kan du kontakte oss på 948 39 239 for å lage avtale om levering. 

 

Hugs: Utsikta blir ikkje finare med ei ny jakke! 🤷‍♀️

Det som ikkje blir solgt av klede og utstyr kan du anten hente på kontoret til Voss Utferdslag veka etterpå, eller me kan gje det til eit godt føremål.