Vi køyrer i privatbilar til Ospehaugen (ca 500 moh). Vi går via Fjosestølen til Helgaset. Der tar vi ein pust i bakken før vi går vidare til Bruena (ca 800 moh) der vi tar ein matpause. Etter matpausen set vi kursen direkte mot Skorseteggi. Det vert litt meir stigning på denne etappen, men etappen er ikkje så lang. Vêr og før avgjer om vi går ein rundtur eller om vi køyrer ned att same veg. Turen tar ca 4 timar.
Dette er ein forhaldsvis lett tur på ca 500 høgdemeter. Ein fin tur å starte fjellskisesongen med. Avreise frå Holbergsplass kl 10. Vi er tilbake på Holbergsplass ca kl 16. Transport kr 85 inkl parkering. Ta med eigna utstyr og nok mat og drykke.
Turleiarar:
Bodil Atterås(41475381)
Anne Tveite (90869362)
Bilete frå sundagstur frå Herresleitet til Grønahorgi, 1. mars 2020. Foto: Astid Såkvitne