Kajakkurs med Victor Mæhl (våttkort)

Kurs

Fra dato
21. mai kl. 10:00
Til dato
22. mai kl. 18:00
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Kurs, Padlekurs, Aktivitet Kajakk, Våttkort
Arrangør
Voss Utferdslag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen, Fjordane, Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Voss Utferdslag har invitert Victor Mæhl til å halde våttkortkus for oss på flatt vatn!

Eit våttkort kan vere lurt å ha om ein padlar ein del, og dei fleste som leiger ut kajakk/kano krev minimum eit introkurs (4 t), eller som regel eit grunnkurs (16t). 

Kurset vi arrangerer denne helga er eit grunnkurs, og det går over 2 dagar (16 timar). Den fyrste dagen vert det leik og øving på Vangsvatnet, og dag to vert det ein fjordtur.

På kurset lærer du mellom anna:

  • Ilandstiging/entring av kajakk
  • Padleteknikk
  • Redning/kameratredning
  • Tryggleik
  • Litt om ferdsel

 

Etter gjennomført kurs vil ein få våttkort.

Kurset er med eigen kajakk, men vi har eit par kajakker til utlån. Det er også viktig at du har eigna klede som våtdrakt, tørrdrakt, long john med jakke, ol. Dersom du ikkje har slikt utstyr, så kan du leige dette direkte hjå instruktør. For leige av kajakk og/eller klede, så kjem det eit tillegg i prisen. Kr 500 for kajakk og kr 500 for klede. Det er fint om du skriv i kommentarfeltet under påmelding om du ikkje har dette sjølv.

Krav til kurset: Du må vere svømmedyktig

Link til Noges padleforbund: https://www.padling.no/vaattkort/hva-er-vaattkort/de-ulike-kursene-i-npf-vaattkort/flattvann/grunnkurs-flattvann/​

Dag 1 er tenkt som trening i tryggleik og teknikk, og me tek lunsjen på stranda der før me tek ein tur med repetisjon av det viktigaste. Etter dette går me på land og gjer turplanlegging for dagen etter, som vert ein tur i ein av fjordane kring oss. Her er det planlegginga vår som dannar grunnlaget for turen. Det er lurt å vere budd på å sitje ein time eller to på land og drive planlegging og evaluering (tørre kle høveleg til vêr og vind).

Dag 2 er ein tur, med vakre omgjevnader og navigering i fokus. Begge dagar er planen å avslutte til kl 17 seinast.

Alle må vere kledd til å bade mykje. Difor er desse tørrdraktene som eg har, eit lurt alternativ. Under ei tørrdrakt må ein ha eit eller to gode lag med ull. Alle må ha med skotøy som er godt grep på og ikkje for tunge (joggesko er ok). Ta med lunsj for ein lang dag med mykje aktivitet, og hugs nok drikke. Solkrem ser også ut til å vere eit lurt val.

 

 

Kajakkurs med Victor Mæhl (våttkort)

Voss Utferdslag har invitert Victor Mæhl til å halde våttkortkus for oss på flatt vatn! Eit våttkort kan vere lurt å ha om ein padlar ein del, og dei fleste ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Bente Søfteland
  • Kjersti Vik