Sundag arrangerer me uteaktivitetar for heile storfamilien! Kor me skal vere kjem me tilbake til på nyåret.
Her blir det mat, kaffi og saft til alle! Me tenner opp i bålpanna og set opp lavvo. Akebakke og barneskirenn blir det også. Startsskotet for skirennet går klokka 12! Ikkje minst – me høyrer rykter om at maskotten vår Turbo skal vera med! Han gler seg til å møta alle.
Her kan du kjøpe billettar: http://booking.vossresort.no/n Born kjem opp gratis, og vaksne får ein god pris på 150 kr t/r. Rabattkode: KomdegUT22
Me er på plass frå klokka 10, og blir verande til 14.30.
Ta med akebrett, ski, varme klede, venner og kjende til og kom deg ut på ein flott dag saman med oss i Borna sitt turlag og Voss Utferdslag!
Kom deg ut-dagen, 2. februar 2020 Foto: Siri Flatlandsmo