Lågterskel randotur: Tverrbotnnuten

Fellestur

Dato
13. mars kl. 08:30 - 17:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Skitur, Rando, Randonee
Arrangør
Voss Utferdslag

Skituren startar i Nosi (650 moh). Me går utover Fresvikjordalen til Breidalen (800 moh). Her startar ein lang motbakke mot Kolsetbotnen og vidare til Smørbotnnuten (1524 moh). Deretter ca. 2 km småkupert bort til Tverrbotnnuten (1611 moh). Same veg attende til Smørbotnnuten. Så, dersom snøforholda er fine, kjem rosina i pylso: eit unnarenn på vel 700 høgdemeter ned til Breidalen. Deretter ca. 4 km småkupert tilbake til Nosi.

Frammøte på Holbergsplass ved Park Hotel kl 0830. Me køyrer i privatbilar, kr. 150 per pers betalast til turleiar. Attende på Vangen ca. kl 1730. Hugs nok klede og mat, ekstra drikke og feller. Krevjande tur.

Kartblad: 1316 I Gudvangen

Turleiar Bodil Atterås (414 75 381)

Påmelding på nett innan fredagen før.