Turleiarsamling 2022

Arrangement

Dato
27. januar kl. 17:00 - 21:00
Passer for
Alle
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Me inviterer turleiarar og dei som kan tenke seg å bli turleiarar til ei samling 27. januar på Park hotel.

Klokka 17 blir det ein enkel middag, før programmet startar i 18-tida. Dette står på programmet:

  • Kart- og kompasskurs med Bjarne Fosse
  • Fyrstehjelpskurs med Raude Kors Hjelpekors
  • Gjennomgang av turleiarmappa med Audun Hellevang

Me reknar med å vere ferdige til kl. 21.

Arrangementet er gratis. Hugs å melde deg på seinast måndag 24. januar.