Kulturvandring i Nordheimsdalen

Fellestur

Dato
21. august kl. 07:45 - 20:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Fjell, Kultur
Arrangør
Voss Utferdslag

Denne sundagen skal vi på ein spanande tur frå Aurlandsfjellet og over til Nordheimsdalen naturreservat.

Vi køyrer i privatbilar til Underdal, der vi går over i ein minibuss og vert køyrd opp på Aurlandsfjellet, omtrent til Flovatnet (1204). Her fylgjer vi veg eit stykke før vi går over på sti. Vi stig slakt opp til Soleibakkvotni (1276), og frå her er det forhaldsvis flatt eit stykke vidare til Erterhaugvatnet (1208). Ned mot Kolarbotnen (1000) er det ope terreng, men etterkvart kjem vi inn på anorthosittfjella og underlaget vert meir steinete. Vi går eit stykke i forhaldsvis flatt terreng til vi kjem til Nedsta Storebotnvatnet (949). På 900 høgdemeter kjem vi til tregrensa, og her går det bratt nedover til fjorden og til Norheimsdalen.

Ned Norheimsdalen brukar vi god tid, og Edvin Flåm fortel oss om tømmerdrifta som tidlegare var her.

Vi tar båt tilbake til Underdal.

 

Dette vert ein lang dag, og totalt så reknar vi med å bruke 11-12 timar. Over fjellet «går vi på» på flatane, og så leis reknar vi med å bruke 5 timar på denne etappen. Ned Norheimsdalen bruker vi god tid, for her skal kjentmannen Edvin fortelje oss om mangt og mykje.

Det er eit avgrensa antal plassar. Vi opnar for påmelding 1. april. Kun påmelding på nett. Middels krevjande tur.

 

På Wikipedia står det fylgjande om Nordheimsdalen

«Nordheimsdalen naturreservat er et område på rundt 13 km² og ligger i Aurland og Lærdal kommune i Vestland fylke. Skogsområdet, med alt plante- og dyreliv, ble fredet i 17. desember 1999.

Dalen er en hengedal som ble formet i siste istid. Området inneholder skog fra fjord til fjell og har et stort mangfold av ulike furuskogtyper som til dels har urskogpreg. Skogen har vært brukt til oppføring av bygninger lokalt. Det finnes en rekke spor etter tømmerdriften i område, som vegen opp fra kaien. Område har også vært benyttet til beiting og stølsdrift på Øygarden og Nordheimsdalen. Området ligger i tilknytning til Nærøyfjorden og ble oppført på Unescos verdensarvliste som del av Vestnorsk fjordlanskap i 2005.»

(https://no.wikipedia.org/wiki/Nordheimsdalen_naturreservat 04.02.22)

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Bodil Atterås
  • Edvin Flåm