Fjelltur til Røde kors - hytta og yoga

Fellestur

Dato
29. juni kl. 17:00 - 22:00
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Fellestur, Fottur, Fjelltur, Yoga
Arrangør
Voss Utferdslag, Ekstremsportveko
Dette arrangementet er over!

I samarbeid med Ekstremsportveko tek DNT Fjellsport Voss deg med på fjelltur - med ei yogaøkt på toppen! Ruth Helene Garmann er yogainstruktør denne dagen.

Me møtes på parkeringsplassen på Raugstad kl. 17.00 og går mot Hangurstoppen. Ein stad mellom Hangurstoppen og Raude Kors - hytta,  rullar me ut mattene og har ei fin yogaøkt utandørs. Etterpå tek me eit kveldsbad ved Valbergstjørni, før me spaserer ned att til Raugstad.

Hugs eiga matte, klede etter vêret, badeklede og handklede. 
Meld dykk på via Ekstremsportveko si heimeside 

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Siri Flatlandsmo