Seniortur til Klantane på Vikafjellet

Fellestur

Dato
17. august kl. 10:00 - 17:00
Passer spesielt for
Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Onsdagstur, Seniortur
Arrangør
Voss Utferdslag

Frammøte: Amfi ved Esso kl.10. Retur omlag kl.17
Transport: Køyring i privatbilar, betaling kr.100,- til sjåfør
Lengd på turen: Turen er omlag 7 km med samla stigning 400 høgdemeter.
Turen er open for alle !

Turleiarar:
Bjarne Fosse 95130389 og Magnhild Opheim 92096952

Turomtale
Turen går til fjellplatået Klantane på Vikafjellet 1416 moh. Me køyrer i privatbilar forbi Fosse og tek av på veg mot Store Muravatnet, nokre kilometer på grusveg, med parkering langs vegen.

Gåturen startar på god sti mot Kvanndalen med litt stigning, vidare sørleg utan sti mot toppen på Klantane. Her er det fast underlag som er lett å gå med vekslande kupert motebakke.

Klantane er eit høgfjellsplatå og kjent for mange småvarar på veg til toppen. På vegen opp er det god utsikt mot Store Muravatnet, meira fjell, med Jostedalsbreen i bakkant. Når turen vart gått i juli var det ein del snø i området, men den var fast å gå på, noko har nok tina til turen går i august.

Dette er høgfjellsområde, fjellsko og kle må tilpassast det.

Turleiarane

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Bjarne Fosse
  • Magnhild Opheim