Grønahorgi

Fellestur

Dato
4. oktober 2015
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Dagstur,
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Tur til Grønahorgi 1166 moh.
Friluftsårets år 2015.
Bli med og marker Utferdslaget sin siste hausttur på sundag!

 

Sundag 4.  oktober går me på god sti og i moderat stigning frå Helgaset til stølen Håset. Vidare på sti og med ein utsikt som berre vert betre og betre for kvar meter ein går mot toppen av Grønahorgi. Her ser du den majestetiske fjellrekkja i Raundalen.  Horndalsnuten, Skipadalsnuten, Seldalsnuten og Olsskavlen, og mange andre toppar rundt Vossabygda.   Grønahorgi er ein av dei lettaste toppane du kan gå til utan og verte heilt tom for krefter.  Det er ein fornøyelse å stå på toppen og sjå bygdene under seg.  Er me heldige kan me sjå reinsdyra som held til her oppe. 

Underlaget er godt å gå på heile vegen. Me tek med god niste og drikke, og nyter det me er med på.  Me går same vegen tilbake til Helgaset og bilane der.  Turen tek omlag 4-5 timar. Middels tung tur.

Frammøte på Holbergsplass (ved Park Hotell) kl 10.00. Privatbilar til Helgaset (Dalsleitet) kr 70 til sjåfør.  Attende på Vangen omlag kl 16.00.

Turleiarar: Sverre Kvitne (95445959), Bjørn Hystad (90998071) og Bjørn Grande (91844178)

Vel møtt til ein hyggeleg tur!

Bjørn Grande

Foto: Bjørn grande 

 

Grønahorgi

Tur til Grønahorgi 1166 moh. Friluftsårets år 2015. Bli med og marker Utferdslaget sin siste hausttur på sundag!   Sundag 4. oktober går me på god sti og i moderat ...

Kontaktinformasjon: