Seminar : Vassdragsvern og flaum - kven har ansvar?

Arrangement

Dato
26. august 2017 kl. 09:00 - 15:30
Passer for
Alle
Turtyper
Arrangement, Foredrag, Naturvern
Arrangør
Voss Utferdslag
Dette arrangementet er over!

Vassdragsvern og flaum – kven har ansvar? 

Voss er ein av fleire kommunar som har vore ramma av skadeflaum dei siste åra. Problema har engasjert til heftige debattar i lokalsamfunna, og forslag til løysingar har vore både mange og kreative. NVE sit no med oppgåva med å utgreie tiltak mot at flaumane gjer for stor skade. Men kven har eigentleg ansvaret for at desse problema har oppstått, og for at dei riktige tiltaka vert realiserte? Representantar frå NVE og ulike forskarmiljø er mellom dei som held føredrag. Dette er eit seminar for alle som ynskjer å auke kunnskapen sin om dette viktige og samfunnsengasjerande temaet. 

Voss naturvernlag, FNF – Hordaland, og Voss Utferdslag invitere til seminar i samarbeid med Vassdragsvernkomiteen i Naturvernforbundet. 

Dato: Lørdag 26.8.2017 

Stad: Voss Kulturhus

Start: Registrering/kaffi frå kl 09:00. 

Innleiing: Hans-Erik Ringkjøb. Ordførar Voss Kommune

09:30-10:45 

Tema: Korleis vart det slik - forståing for situasjonen 

  • Silje Ask Lundberg - Naturvernforbundet , "Verneplan for vassdrag. Historie og formål"

  • Erik Kolstad - UNI research, "Flom på Vestlandet i fortid, nåtid og framtid"

  • Irene Brox Nilsen - NVE, "Klimaendringar og innverknad på flaumforhold i Hordaland " 

 

Pause 10:45-11:00 

 

11:00-12:15  

Tema: Forebygging og tiltak - Riktige løysingar krev kunnskap! 

  • Professor Gaute Velle, UIB, "Økosystemtenester" 

  • Kåre Flatlandsmo - Naturvernforbundet, "Verdisetjing av naturgoder i Vossovassdraget"

  • Espen Olsen Espedal - UNI Research. "Meir miljøvenleg flaumsikring"

 

Lunsj 12:15-13:00, lett servering.

 

13:00-14:15  

Tema: Kven har ansvar når elva fløymer? 

  • Oddbjørn Bruland, Professor NTNU, «Når elva renn mellom stolane» 
  • Svein Arne Vågane - NVE, «Kva gjer NVE når elva gjer skade i ein flaumsituasjon ?»

  • Christian Riis, Professor BI, “En handlingsregel mot naturskader» 

 

Pause 14:15- 14:30 

 

Paneldebatt 14:30-15:20 

Stortings- og lokalpolitikarar. 

 Arild Hermstad (MDG), Per Rune Henriksen (AP) Terje Breivik (V), Nils Bjørke (SP), Arnfinn Gjerdåker (SV), Linda Monsen (AP) Iril Schau Johannesesn (H), Arne Mossefinn ( KRF)

 

Oppsummering 15:20-15:30. 

 

PRIS: KR 100,- INKL LUNSJ.  
 

Ynskjer du også å vere med på sosialt opplegg og oppleve den mykje omtala naturen på Voss? Me arrangerer  vandretur frå Kvanndal til Rong sundag 27.august.  Hugs å melde deg på arrangementet!

 

Vandretur sundag: https://www.vossutferdslag.no/aktiviteter/83895/839491/

Kontaktinformasjon: