Gode vêrmeldingar for Kom deg ut-dagen

Med nysnø frå laurdagen, ser sundag ut til å bli heilt utan nedbør på Hangur.
Med nysnø frå laurdagen, ser sundag ut til å bli heilt utan nedbør på Hangur.

Minusgrader og opplett ser ut til å prega sundagen. Bli med oss på bålkos, aking og skirenn på Hangurstoppen!

Sundag arrangerer me uteaktivitetar for heile storfamilien - i år på Hangurstoppen!

Her blir det mat, kaffi og saft til alle. Me tenner opp i bålpanna og set opp lavvo. Akebakke og barneskirenn blir det også. Ikkje minst – me høyrer rykter om at maskotten vår Turbo kjem! 

Me er på plass frå klokka 10, og blir verande til 14.30. Hugs å møte opp tidleg, for før klokka 11 er gondolturen gratis for born, og vaksne får tur/retur til berre 150 kroner!

Les meir på arrangementet på nettsida vår, og på Facebook-arrangementet.

Foto: Per Finne

Skrevet av Siri Flatlandsmo 30. januar 2020