Torfinnsheim: Ved og brannsløkkingsapparat på plass

Torfinnsheim, 7. mars 2020
Torfinnsheim, 7. mars 2020 Foto: Anne-Grete Haugen

No er både ved og nye brannsløkkingsapparat på plass på Torfinnsheim.

Også i dette området er det for tida godt med snø! Hyttetilsynet var nøyddde til å spa fram inngangsdøra på framsida av hytta. Dei måtte òg fjerne snø i gangen, både i hytta og på tolettet, og frå vindauga på framsida.

Vêret var strålande då dei gjekk frå Hodnaberg, men det skya til og blåste opp innan dei returnerte. Skiføret var lett og fint, men det endra seg noko med vinden. Då vart det hardt og avblåse nokre plassar høgt oppe. 

Røde Kors kvistar over Gråsida så snart finvêret slår til.

Dette melder hyttetilsynet ved Torfinnsheim.